
Bokbad med Tor Erik Jenstad og Svein Sæter
Årets Bokbad satsar på lokal forfattar og på faglitteraturen. TOR ERIK JENSTAD er sunndaling, og skulle vere kjent for dei fleste, både som musikar og for faglitteraturen sin. Han er filolog, med doktorgrad i nordisk språkvitenskap. Hovudverksemda hans no er å vere redaktør for Norsk ordbok 2014, som kjem ut med band 7 i disse tider.
Dialekter er eit stikkord. I 2006 kom boka Sunndalsord, som er ei ordbok over dialektene i Sunndal. Han har også tidlegare skrive om sunndalsmålet, om talemålet til ungdom på Sunndalsøra (1983) og om Sunndalsmålet - eit grensemål på indre Nordmøre (1985). Banning og skjellsord har han også befatta seg med: Nye skjellsordboka (1999) med skjellsord frå Nordmøre, Trøndelag og Nord-Norge. Og saman med Petter Erik Innvik laga han boka Nordmørshistorier, som kom i 2005.
Den siste boka han har vore med på, er den flotte boka om Sunndalsfjella - fjell og folk, som kom i 2007.
Tor Erik Jenstad er født i 1956, er no busett i Trondheim og har NTNU som arbeidsgjevar. Han har på NRK Trøndelag innringingsprogrammet ”Ka sa du?”, der det meste som har med dialekt å gjera blir tatt opp. Han spelar også trekkspel i Søndre Trondhjems spelemannslag.
Som vanleg er forfattar og journalist SVEIN SÆTER ”bokbademeister”. Han har skrive mye sjøl, m.a. fleire bøker saman med far sin Einar Sæter, og kom i 2007 med ein revidert utgåve av XU - i hemmeleg teneste 1940-1945.

Bestill billetter her!